Mood vil ikkje væpne observatørane



kl:22,00 05|07|2012 Sawtalkurd


Observatørane stansa arbeidet i Syria inntil vidare 15. juni på grunn av den stadig aukande valdsbruken i landet. Begge partar har gått med på våpenkvile, men kampane no er dei hardaste sidan opprøret starta for over eitt år sidan.

Mood sa på ein pressekonferanse i Damaskus i dag at han er utolmodig etter å
Bashar al-Assad (Foto: DSK/Afp)

kome i gang med arbeidet i Syria igjen, men at han vil endre måten dei rundt 300 observatørane skal jobbe på.
Vil ikkje ha våpen

Den norske genralen meiner at observatørane bør reaorganisere seg, og gjere det mogleg å operere i alle dei ulike provinsane i Syria. Han trur ikkje det er ei løysing å gi styrken våpen, fordi dette vil vere i strid med intensjonen i engasjementet.

- Alt arbeidet vårt her er basert på tillit frå syriske enkeltpersonar og familiar. Det at vi er er utan våpen er eit teikn på at vi aksepterer og set pris på gjesfridomen til det syriske folket, sa Mood.

- Når du kjem med våpen i hand og bankar på ei dør, då er situasjonen ein heilt annan, la han til.





أخبـــــــار الوطـــــن

بيـــانــــات و تــقــــاريـــــر